Ballong på pinne

Hensikt

I leiken Ballong på pinne får barna øve på ferdigheiter å kaste og treffe blink.

Forklaring

  1. Fest ein ballong på ein pinne, og sett pinnen ned i snøen. Ballongen kan evt. festast i eit tre.
  2. Marker eit område som barna skal kaste ifrå, t.d. med rockeringar eller ein strek i snøen.
  3. Barna skal no kaste snøball og prøve å treffe ballongen.

Tips

  • I denne aktiviteten kan ein styre vanskegrada med å lage fleire stasjonar ein kan kaste i frå, og evt. fleire ballongar ein kan kaste på. Legg ut t.d. rockeringar i ulik avstand frå ballongen slik at barna sjølve kan velje kvar dei vil kaste ifrå, og dermed utfordre seg sjølv. Pass på at kasta går i same retning slik at ingen barn får snøballane på seg.

Variasjon

  • Dersom ein ikkje har kram snø kan ein nytte ballar i staden.

Utstyr

Snøball
Ballong
Pinne

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet