Bil og garasje

Hensikt

I Bil og garasje blir barna utfordra i å forflytte seg raskt med ulike grovmotoriske rørsler. I tillegg må barna hugse reglane for leiken. Organiseringa der barna står i ring to og to ilag fremmar samspel.

Forklaring

  1. Barna stiller seg i ein ring og held hender.
  2. Den vaksne plasserer annakvart barn bak eit anna barn, slik at dei er to og to saman. Det barnet som er bakerst, er garasje og stiller seg med beina godt frå kvarandre. Det barnet som er fremst, er bil og set seg ned på alle fire.
  3. På signal «køyrer» bilen ut av garasjen ved å krype baklengs gjennom garasjen og spring ein runde rundt ringen.
  4. Bilen finn så igjen garasjen sin og køyrer inn. Det er om å gjere å vere den bilen som er fyrst tilbake i garasjen igjen.
  5. No byter barna plass, og den som var garasje blir no bil.

Tips

  • Det er viktig at den vaksne gjev beskjed om kva for veg bilane skal køyre rundt ringen. Vis gjerne.

Variasjon

  • Ein kan leggje ein ball, stein eller anna midt i ringen med garasjar. Då er det om å gjere å vere den bilen som får tak i ballen fyrst. OBS! Her kan det bli kollisjonar i midten, så pass på.
  • Ein variasjon i leiken er å endre kva for måte bilane skal «køyre» på. Ein kan t.d. hoppe, hinke, krype (om underlaget tillét det) eller springe baklengs.
  • Dersom ein ynskjer å knyte inn fysisk aktiv læring, kan ein leggje til ei oppgåve som bilen må «løyse» for at garasjen skal opne seg. T.d. noko knytt til tema ein arbeider med, eller anna («tel til 10», «tel nedover frå 5-1», «sei ei form», eller sei «bokstaven din»).

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet