Hensikt
I denne aktiviteten får barna gjere seg erfaringar med bokstavar som ei begynnande skrive- og leseopplæring. Dei skal finne bokstavar for å skrive enkle ord. Ved å springe eller forflytte seg med andre grovmotoriske rørsler, aukar ein intensiteten i aktiviteten.
Forklaring
- Korkar med bokstavar ligg i den eine enden av rommet og laminerte kort med enkle ord ligg i den andre enden.
- Barna får eit kort med eit ord på, og skal springe å hente ein og ein bokstav til ordet.
- Når barna er ferdige med eit ord, får dei eit nytt.
Variasjon
- Aktiviteten kan gjerast individuelt, i par eller i små grupper.
- Som ein progresjon kan barna få kort med vanskelegare ord.
Utstyr
Bokstavar, t.d. mjølkekartongkorkar med bokstavar
Laminerte kort med enkle ord