Bonden og hønene

Hensikt

I Bonden og hønene vil barna leike i høg intensitet ved at bonden spring etter hønene som må passe på egga sine.

Forklaring

  1. Aktiviteten er ein versjon av sisten med bonde/bønder og høner.
  2. Vel ut 1-2 barn som er bonde/bønder, dei andre barna er høner.
  3. Hønene held eitt «egg» i kvar hand, symbolisert med ein liten ball, ertepose, kongle eller liknande.
  4. Dersom bonden tek på hendene til hønene eller på egga skal høna gje begge egga til bonden, og dei byter roller.

Tips

  • Ein kan leggje til eit lite «friområde» (t.d. markert med kjegler eller matte), der hønene kan leggje frå seg egga og ruge på desse medan dei tek seg ein liten kvil –men her får dei ikkje vere lenge før dei må ut i leikeområdet igjen.

Variasjon

  • Ved å leggje til fleire bønder vil aktiviteten auke i intensitet, sidan hønene får mindre pause.
  • Ein kan bestemme kor mange høner som kan vere på friområdet samstundes. Dersom det t.d. berre er to høner som kan vere i friområdet, må den som fyrst kom inn på friområdet ut igjen om det kjem ei tredje høne til.

Utstyr

2 ballar til kvart barn (evt. erteposar, kongler el.)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet