Hensikt
Denne aktiviteten er ein versjon av sisten og legg opp til leik i høg intensitet når barna skal springe for å unngå å bli tatt.
Forklaring
Aktiviteten er ein versjon av sisten.
- Eitt barn har sisten og skal ta eit av dei andre barna.
- Det barnet som blir tatt må halde på den kroppsdelen det vart tatt på. Dersom barnet blei tatt på hovudet, må det halde seg på hovudet.
- Barnet som vart tatt har no sisten og skal prøve å ta eit anna barn medan det held seg på hovudet.
Variasjon
- Ved å leggje til fleire som har sisten, aukar ein intensiteten i leiken ved at det er fleire som blir sprunge etter.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.