Drage av plastpose

Hensikt

I denne leiken vil barna få erfaring med bruk av vind. Dei må også springe med høg fart for å få «dragen» (plastposen) opp i lufta.

Forklaring

  1. Knyt eit snøre i posen og lag ei løkke i den andre enden for å ha eit godt tak i snøret.
  2. Barna held i snøret, spring så fort dei klarar og prøver å få dragen til å fly.
  3. Snakke om: Kva tid flyg dragen høgast? Må ein vente på vinden?

Tips

  • Prøv gjerne dragen på ulike dagar, t.d. dagar der det ikkje er vind og dagar der det er meir eller mindre vind. Reflekter saman med barna om kva som skjer med dragen dei ulike dagane.

Utstyr

Plastpose
Snøre
Vind

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet