Hensikt
Ved å imitere ulike rørslemønster til dyr medan ein leiker sisten, blir barna utfordra på å nytte mange ulike grovmotoriske ferdigheiter knytt til forflytning.
Forklaring
- Den som har sisten vel kva for type dyr alle skal vere (inklusiv seg sjølve), og barna forflyttar seg etter korleis dette dyret rører seg.
- Når eit barn blir tatt, er det det barnet som har sisten.
- Den som er tatt vel eit nytt dyr og alle rører seg som dette dyret.
Tips
- Døme på artige dyr å imitere kan vere frosk, pingvin, krabbe (hender og føter i golvet med ryggen mot golvet og gå sidelengs), apekatt, bjørn (hender og føter i golvet, med stive bein) og slange.
Variasjon
- I denne leiken kan det vere naudsynt å endre på området ein leikar på. Dersom ein forflyttar seg sakte, må området vere mindre enn om ein forflyttar seg raskt.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.