Hensikt
I denne leiken får barna øvd mykje på å kaste ball og utfordrar såleis deira auge-hand-koordinasjon.
Forklaring
- Spre alle tilgjengelege ballar rundt om på leikeområdet.
- Sett ei korg (bøtte el.) i midten, og marker eit område rundt korga (t.d. med hoppetau) som barna ikkje har lov å gå inn på.
- Barna skal no prøve å få alle egga (ballane) opp i korga på kortast mogleg tid. Barna må kaste ballane i korga utan å trø innanfor det markerte området. Det er lov å gå inn på området for å hente ballar som ligg utanfor korga.
- Evt. kan den vaksne ta tida på kor lang tid dei brukar på å få alle egga i korga, og sjå om dei greier å slå si eiga tid når dei prøvar ein gong til.
Variasjon
- For å gjere leiken vanskelegare kan ein auke avstanden som barna må kaste frå. Det er også mogleg å lage ulik avstand til korga, der dei yngste kan få gå nærmare korga enn dei eldste.
Utstyr
Masse små ballar
Korg