Egg i korga

Hensikt

I denne leiken får barna øvd mykje på å kaste ball og utfordrar såleis deira auge-hand-koordinasjon.

Forklaring

  1. Spre alle tilgjengelege ballar rundt om på leikeområdet.
  2. Sett ei korg (bøtte el.) i midten, og marker eit område rundt korga (t.d. med hoppetau) som barna ikkje har lov å gå inn på.
  3. Barna skal no prøve å få alle egga (ballane) opp i korga på kortast mogleg tid. Barna må kaste ballane i korga utan å trø innanfor det markerte området. Det er lov å gå inn på området for å hente ballar som ligg utanfor korga.
  4. Evt. kan den vaksne ta tida på kor lang tid dei brukar på å få alle egga i korga, og sjå om dei greier å slå si eiga tid når dei prøvar ein gong til.

Variasjon

  • For å gjere leiken vanskelegare kan ein auke avstanden som barna må kaste frå. Det er også mogleg å lage ulik avstand til korga, der dei yngste kan få gå nærmare korga enn dei eldste.

Utstyr

Masse små ballar
Korg

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet