Hensikt
I denne aktiviteten leikar barna med tal, mengd og teljing ved at ein skal danne familiar av ulik storleik. Aktiviteten har moderat til høg intensiteten ved at ein spring eller dansar når musikken spelar.
Forklaring
- Barna spring/dansar fritt medan musikken spelar.
- Når musikken stoppar (evt. på signal om ein ikkje har musikk) skal barna danne familiar (grupper) som svarar til det talet som blir vist eller ropt.
Variasjon
- Som ein variasjon kan barna få i oppgåve å samle eit visst tal erteposar, kongler eller liknande (gjerne i par).
- Som ein progresjon kan barna få andre oppgåver, som t.d. «to kattar og ein hund», då skal barna førestille det som blir ropt.
Utstyr
Gjerne musikk, men ikkje naudsynt
Tal; t.d. laminerte ark med tal eller terning