Fang den mystiske skatten

Hensikt

I Fang den mystiske skatten må barna vere merksame og reagere raskt på ein beskjed om når dei skal hente den mystiske skatten.

Forklaring

  1. Del barna i to grupper som sit på kvar si side av leikeområdet.
  2. Kvart barn får sitt nummer (t.d. nr. 1-2-3-4 på kvar gruppe).
  3. Den vaksne legg den mystiske skatten midt mellom gruppene.
  4. Den vaksne ropar så ut eit nummer, og barna frå kvar gruppe som har dette nummeret, skal reise seg så raskt som råd og springe mot midten og fange den mystiske skatten.
  5. Det barnet som fangar skatten skal no prøve å komme seg heim igjen, utan at det andre barnet tek han/ho. Barnet som har skatten kan berre bli tatt om han/ho har skatten i handa, og kan velje å kaste skatten opp i lufta og fange den igjen for ikkje å bli tatt.
  6. Dersom barnet greier å ta skatten med seg heim, får gruppa eitt poeng. Dersom barnet ikkje greier å ta skatten med seg heim, blir det poeng til den andre gruppa.
    Skatten blir så lagt i midten igjen og ein ny runde startar.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken er at den vaksne ropar opp to nummer. Då kan barna med desse nummera samarbeide om å få skatten heim igjen ved å kaste skatten imellom seg for å unngå å bli tatt.
  • Ein kan variera leiken med å ha forskjellige utgangsstillingar. Barna kan t.d. stå, stå på alle fire, liggje på magen, eller liggje på ryggen.

Utstyr

Ein mystisk skatt (t.d. ein ertepose, ball, kongle eller anna)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet