Fargetunell-stafett

Hensikt

I aktiviteten øver barna på fargar og må hugse på informasjon medan dei er i aktivitet.

Forklaring

  1. Ei gruppe med 4-6 barn stiller seg på alle fire inntil kvarandre og lagar ein kort tunell.
  2. Det barnet som står ytst til høgre, startar på signal med å krype gjennom tunellen.
  3. Dei barna som utgjer tunellen, står heile tida med begge knea og hendene i golvet.
  4. På førehand har den vaksne vist eit pappstykke med ein farge (t.d. raud). Når barnet kjem ut av enden på tunellen, skal barnet finne ein gjenstand i rommet med raud farge og leggje denne gjenstanden i ein oppstilt kasse ved enden av tunellen. Etter dette skal barnet stille seg opp og danne tunell, slik at nummer to i rekkja kan starte.
  5. Den vaksne er rask med å vise ny farge (t.d. blå) før nummer to skal starte. Nummer to må leite etter ein gjenstand med blå farge i rommet og leggje denne i kassen, og så danne tunell, før nummer tre skal starte. Alt dette skal gå føre seg fortløpande og den vaksne kan ta tida på stafetten om barna ynskjer.

Variasjon

  • Dersom det er fleire grupper, kan dei gjere leiken samstundes (helst ein vaksen per gruppe) eller dei kan vere tilskodarar for kvarandre. Til slutt kan tidene samanliknast (om ein ynskjer).

Utstyr

Tilgang på ulike gjenstandar i ulik farge t.d. på avdelinga eller på uteområdet.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet