Finn votten

Hensikt

I Finn votten arbeider barna med moderat til høg intensitet medan dei må hugse og kjenne igjen mønster.

Forklaring

  1. Del ut vottebilete slik at alle barna får kvar sitt. Det er hemmeleg for dei andre barna kva for vott ein får.
  2. Barna fordeler seg på eit avgrensa område og spring rundt for å finne det barnet som har vennevotten (like vottar). Når to barn møtast viser dei vottane til kvarandre, og om det er vennevottar stiller dei seg opp ved kvarandre og ventar på at alle finn sin vennevott.

Variasjon

  • Ein kan leike vottestafett med korta. Del då barna i par, der kvart par får to kort med vottar på. Korta med vennevottar ligg med vottesida i bakken på andre sida av leikeområdet. Eitt barn frå kvart lag spring over til andre sida for å finne ein vennevott. Barnet snur eitt kort, om dette ikkje er ein vennevott spring barne tomhendt tilbake til parkameraten som no skal springe for å finne ein vennevott. Om ein finn rett vennevott tek ein kortet med seg attende til parkameraten sin, som no skal springe for å finne den andre vennevotten. Laget som finn begge vennevottane fyrst har vunne.
  • Som ein variasjon i vottestafetten kan ein leggje til hinder barna må passere når dei spring over til motsett side.

Utstyr

Bilete av vottar (to og to like). Last ned her

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet