Fisken i det raude hav

Hensikt

I aktiviteten Fisken i det raude hav, er barna i fysisk aktivitet medan dei leitar etter fargar på eigne klede.

Forklaring

  1. Lag til eit leikeområde, dette er det raude havet. Alle barna stiller seg på den eine sida av havet.
  2. Eitt barn er fisk og stiller seg midt i havet.
  3. Barna ropar til fisken: «Fisken i det raude hav, kva for farge må me ha for å koma over?»
  4. Fisken i det raude havet svarar ein farge: t.d. «Blå».
  5. Dei barna som har noko blått på seg som er synleg kan gå fritt over til den andre sida. Dei barna som ikkje har noko blått på seg, må prøve å komme seg over havet utan å bli fanga av fisken.
  6. Barna som blir fanga av fisken blir til fisk og er med å bestemme farge, samt fange dei andre barna i neste runde.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet