Formleik

Hensikt

Gjennom denne leiken får barna kroppslege erfaringar med korleis ulike bokstavar, tal eller former ser ut. Leiken kan óg vere ein samarbeidsaktivitet der fleire barn er saman om å forme oppgåva som blir gitt. Ved å leggje inn dans eller anna mellom oppgåvene får ein opp intensiteten i leiken.

Forklaring

  1. Leiken kan gjerast individuelt eller i grupper.
  2. Barna kan danse fritt mens musikken er på, og når musikken stoppar får dei ei oppgåve.
  3. Oppgåva er å forme ein bokstav, tal eller form med kroppane sine. Den vaksne held opp eit bilete av det barna skal forme. Bokstaven, talet eller forma kan dannast liggjande på golvet, eller den kan vere ståande.

Variasjon

  • Som ein progresjon kan ein sei bokstaven, talet eller forma i staden for å vise.
  • Ein vidare progresjon kan vere å vise eit bilete av t.d. eit dyr, der den vaksne saman med barna finn fram til den fyrste bokstaven til dyret og formar denne.

Utstyr

Gjerne musikk, men er ikkje naudsynt
Laminerte ark eller anna utstyr som viser det ein ynskjer at barn skal forme

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet