Frå lengst til kortast

Hensikt

I aktiviteten Frå lengst til kortast får barna kjennskap til ulike måtar å måle på, medan dei er fysiske aktive. Dei øver på å sortere pinnar etter lengde.

Forklaring

  1. Barna får beskjed om å finne seg ein pinne. Om ein ynskjer, kan ein presisere om pinnen skal vere lang eller kort.
  2. Deretter skal barna gå saman og sortere pinnane etter storleik.
  3. Etter kvart kan dei få beskjed om å sortere pinnane på ein annan måte.
  4. Dei kan óg leggje pinnane på ulike måtar (ved sida av kvarandre, på lang rekkje).
  5. Vidare kan dei nytte pinnane til å måle ulike gjenstandar.

Variasjon

  • Som ein variasjon kan dei nytte kroppane sine til å sortere etter høgde. T.d. få barna til å stille seg på rekkje frå høgast til lågast. Her må dei måle seg med andre for å finne ut kven som er høgast og lågast.
  • Ein kan nytte kroppen sin til å måle om ein er høgare eller lågare, lengre eller kortare enn ulike gjenstandar på uteområdet.
  • Som ein variasjon kan ein måle avstand ved å nytte ulike hjelpemiddel, t.d. kroppen, skritt eller eit tau. Kor mange lange skritt er sandkassa? Kor mange korte skritt er sandkassa? Kor mange kroppar må til for å måle kor lang sandkassa er?
  • Som ein progresjon til å måle avstand kan barna få eit tau eller anna som er 1 meter. Kan de finne noko på uteområdet som er 1 meter? Kor mange meter er sandkassa? Kor mange meter er det mjuke dekket under huskene?

Utstyr

Pinnar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet