Frakte ball

Hensikt

I denne leiken får barna øve seg på å ta imot og sende ein ball på ulike måtar. Barna må samarbeide om å frakte ballar frå eit område til eit anna.

Forklaring

  1. Legg like mange rockeringar på ei rekkje på golvet som det er barn.
  2. I den eine enden av rockeringane står det ein kasse med ballar og i den andre ender står det ein tom kasse.
  3. Barna skal frakte ballane frå den fulle til den tomme kassa.
  4. Barna må stå i rockeringen sin og ta i mot og sende ballen vidare.

Variasjon

  • For å gjere aktiviteten meir utfordrande kan barna stå på ein benk medan dei sender ballane mellom seg.
  • Barna kan òg få beskjed om å sende ballen vidare på ulike måtar. Til dømes ved å ta imot og sende vidare over hovudet, mellom beina, evt. anna kvart barn over hovudet og mellom beina.
  • Ein annan måte å gjere aktiviteten meir utfordrande på er å auke avstanden mellom barna, då må dei strekke seg, evt. kaste ballen framover.
  • Ein kan variere type ball eller gjenstandar som ein fraktar mellom barna.
  • Som ein uteaktivitet om vinteren kan barna frakte snøballar mellom seg.
  • Ved å lage to parallelle rekkjer kan ein lage aktiviteten om til ein konkurranse. Kven får alle ballane over i kassen fyrst?

Utstyr

Ballar
2 kassar
Rockeringar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet