Froskefangst

Hensikt

I Froskefangst leikar barna i høg intensitet når dei hoppar djupe froskehopp anten for å unngå å bli tatt eller når dei fangar froskar.

Forklaring

  1. Avgrens leikeområdet.
  2. Barna er froskar og fordelar seg på leikeområdet.
  3. Avhengig av kor mange som er med på leiken vel ein eitt eller fleire barn som er jegerar.
  4. Når leiken startar skal froskane forflytte seg med froskehopp og unngå å bli fanga av jegerane (jegerane skal også hoppe).
  5. Froskane som blir tatt blir til jegerar. Kor lang tid tek det før alle froskane er blitt til jegerar?

Variasjon

  • Ein kan variere leiken ved å leike at barna er andre dyr og imiterar dyret sitt rørslemønster. Døme kan vere pingvinar, slangar (åler seg), gepardar (spring fort), krabbar (armar og bein i bakken med ryggen ned, og går sidelengs) eller hestar (galopperer).

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet