Hensikt
I denne leiken skal barna forflytte seg med moderat til høg intensitet mellom ulike teppefliser. På signal skal barna finne fram til ei ledig teppeflis.
Forklaring
- Fordel teppeflisene utover golvet.
- Barna blir delt i ulike frukt (t.d. druer, bananer eller appelsiner) og sett seg på ei teppeflis.
- På signal ropar ein vaksen eller eit barn at alle druene skal ut å springe, deretter bananene eller appelsinene.
- Barna spring rundt mellom teppeflisene, og på signal roper den vaksne: «Fruktsalat!» – då må barna finne ei ledig teppeflis.
Variasjon
- Dersom ein ynskjer kan ein ta vekk to eller fleire teppefliser, då blir det meir kamp om å finne ei ledig teppeflis. Start så leiken på nytt, gjerne utan at barna ryk ut av leiken.
- Som ein variasjon kan ein endre måten barna skal forflytte seg på (krype, hoppe, hinke).
Utstyr
Teppefliser eller anna utstyr som barna kan stå på