Hensikt
I denne aktiviteten øvar barn på grunnleggjande skiferdigheiter.
Forklaring
- Sett alle skistavane (og evt. kjegler) rundt omkring inne på eit avgrensa område.
- Barna går fritt på ski mellom stavane utan å vere borti stavane (og kjeglene). Barna kan óg skøyte mellom stavane.
Tips
- I denne aktiviteten kan ein lage områder som har ulik vanskegrad innafor leikeområdet ved å setje stavane tett nokre stader (vanskeleg) og meir spreidd andre stadar (lettare). Barna kan sjølv velje kvar dei vil leike, og du som vaksen kan styre litt kvar barna leiker utifrå føresetnader deira.
Variasjon
- Ein variasjon i aktiviteten kan vere å leike sisten på same område.
Utstyr
Ski, stavar/eventuelt kjegler