Gjetaren og sauane

Hensikt

I Gjetaren og sauene er barna fysisk aktive samstundes som dei øver på tidlege matematiske ferdigheiter.

Forklaring

Ein vaksen fortel ei fantasihistorie om at i gamle dagar kunne dei ikkje telje, så når sauene skulle ut å beite tok dei med seg ein stein for kvar sau.

  1. Barna er sauer som stiller seg på den eine sida av beite.
  2. Den vaksne legg fram ein stein for kvar sau som går ut på beite. Tel gjerne saman med barna etter kvart som sauene går ut på beite og du legg fram ein stein.
  3. Når alle sauene har krabba over beite, krabbar ein og ein sau tilbake. Den vaksne legg tilbake ein og ein stein etter kvart som sauene kjem heim igjen.
  4. Den vaksne stoppar opp leiken av og til og funderer med barna kor mange som er igjen på beite ved å sjå på steinane. «De var 10 sauer som gjekk på beite – Kor mange er komne tilbake? Kor mange manglar me?»

Variasjon

  • Ein kan leggje til eit moment i leiken, der det av og til kjem ein rev på besøk som vil fange sauene som er på beite. No må alle sauene kome seg raskt heim igjen for å vere trygge. Den vaksne kan vere reven som prøver å fange barna.
  • Ein variasjon av leiken er å byte dyr som ein imiterer slik at rørslemønsteret ein nyttar i leiken bli endra.

Utstyr

Steinar (evt. erteposar)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet