Haien kjem

Hensikt

I Haien kjem skal barna «symje» rundt, før dei må springe med høg intensitet tilbake til «huset sitt» for å unngå å bli tatt av haien.

Forklaring

  1. Eitt barn er hai (evt. med ein vaksen) og står i ein rockering midt i leikeområdet.
  2. Dei andre barna fordeler seg i rockeringane (gjerne berre to i starten) som ligg i lik avstand frå midten.
  3. Barna får namn etter fargen på rockeringen dei står i, t.d. gul fisk, raud fisk e.l.
  4. Haien kallar ut fiskane som skal ut å symje.
  5. Fiskane som er kalla ut spring rundt haien til haien ropar: «Haien kjem!»
  6. No skal fiskane symje så raskt som råd heim til huset sitt, medan haien skal prøve å fange så mange fisk som mogleg.
  7. Dei fiskane som blir tatt er no haiar og stiller seg i rockeringen i midten av leikeområdet.

Variasjon

  • Dersom ein ynskjer å arbeide med t.d. former, kan ein nytte ulike former som «heim» i staden for rockeringar. Då heiter fiskane det same som forma dei står i. Ein kan t.d. nytte hoppetau til å lage former eller teikne med kritt på bakken.
  • Som progresjon i leiken kan ein leggje til fleire fiskeslag, samt auke avstanden som dei må springe for å komme heim.
  • Som variasjon kan ein nytte ulike måtar å forflytte seg på, t.d. gå, hinke, krype, eller være ulike dyr.

Utstyr

Tre rockeringar med ulik farge

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet