Hald området reint

Hensikt

I Hald området reint skal barna leike i høg intensitet ved å hente og kaste ballar frå eit område til eit anna så fort som mogleg.

Forklaring

  1. Avgrens eit område for leiken.
  2. Del området i to og fordel mange ballar (meir ein tal barn) mellom dei to områda.
  3. På signal skal barna prøve å rydde sitt område ved å kaste ballane over til det andre området.
  4. Etter ei stund stoppar ein leiken og ser kva for område som er ryddigast.

Tips

  • Når ein har stoppa leiken kan barna få i oppgåve å samle alle ballane på sitt område og telje ballane saman med ein vaksen. Då blir det også lettare å starte ein ny omgang med likt tal ballar på kvart område.

Variasjon

  • Ein kan byte rørsleform i leiken ved at barna sparkar ballen i staden for å kaste. Då er det kanskje lettare å bruke ein strek eller hoppetau for å skile dei to områda.

Utstyr

Benk eller liknande for å dele leikeområdet i to
Ballar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet