Heit potet

Hensikt

I Heit potet må barna samarbeide om å føre ein ball gjennom rekkja med barn frå ein stad til ein annan. Ein må i tillegg hugse reglar og handle raskt. Etter ein har levert frå seg ballen, må ein raskt forflytte seg for å vere klar for å levere ballen på ny.

Forklaring

Leiken er tilsvarande tunellball, og det er om å gjere å frakte ballen frå ein stad til ein annan (avtala på førehand).

  1. Barna (t.d. gruppe på fire) ligg på rekkje der beina til det andre barnet er mot hovudet til det fyrste barnet osb.
  2. Det fyrste barnet i rekkja startar med ein ball mellom føtene, bøyer overkroppen mot ballen, tek den i hendene, løfter den bak hovudet medan det legg seg ned på golvet og gir ballen til neste barn i rekkja. Neste barn tek imot ballen, løfter den bak hovudet medan det legg seg ned på golvet og leverer ballen til neste barn i rekkja osb.
  3. Når barnet har gitt frå seg ballen, reiser det seg opp, spring bakerst i rekkja og legg seg ned, klar for å ta imot ballen igjen.

Variasjon

  • Ein kan variere leiken med at barna skal forflytte seg bak i rekkja på ulike måtar, t.d. krype, gå baklengs eller springe sidelengs.
  • Ein litt vanskelegare variant er å levere ballen over hovudet og sette den mellom føtene på neste barn som deretter tek ballen over i hendene og plasserer den mellom føtene på neste osb.
  • Ein endå vanskelegare variant er å nytte berre føtene. Her har barnet ballen mellom føtene, fører ballen over hovudet medan det legg seg ned og «leverer» ballen i føtene til neste barn osb.

Utstyr

Ein ball per gruppe

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet