![](https://aktivibarnehagen.no/wp-content/uploads/2021/06/henteterning-1140x641.jpg)
Hensikt
I denne leiken arbeider barna med tal og mengde gjennom at dei skal hente ei viss mengde ulike gjenstandar. Leiken utfordrar óg grunnleggjande motoriske ferdigheiter.
Forklaring
- Eitt barn kastar terningen med bilete og eit anna barn kastar terningen med auger.
- Barna skal så samarbeide om å samle det som terningane viser, t.d. fem pinnar.
- Den vaksne styrer korleis barna skal hente gjenstandane, ved å seie at dei skal springe, hoppe, snurre, krype eller anna.
Utstyr
Ein terning (t.d. pappboks/trekloss) med bilete av gjenstandar eller t.d. naturmateriale
Terning med tal