
Hensikt
Hermegåsa utfordrar barna sin kreativitet ved at barna skal kome på og leie andre barn i ulike øvingar. Øvingane vil samstundes utfordre barna motorisk.
Forklaring
- Lag grupper på fire-fem barn.
- Barna i kvar gruppe stiller seg på rekkje. Barnet som er fremst leiar rekkja si og bestemmer kva øvingar dei andre barna som står bak i rekkja skal herme etter.
- Etter ei lita stund spring det første barnet bakerst i rekkja og det barnet som no er fremst leiar gruppa og skal bestemmer nye øvingar.
Tips
- Den vaksne må gjerne starte med å leie leiken, så kan barna ta over etter kvart.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.