Hund og katt

Hensikt

Denne leiken stiller krav til at barna må halde ein eller fleire oppgåver i fokus samstundes og skifte mellom desse. Barna blir engasjerte i leiken og må konsentrere seg for å følgje med på dei to ulike ballane (hunden og katten) som blir sendt rundt mellom barna. Det kjem til fleire reglar etter kvart, noko som gjer at barna må hugse og effektivt skifte mellom ulike oppgåver.

Forklaring

  1. Barna (ca. seks) står i ring.
  2. Barna skal sende to ballar i same retning rundt i ringen. Den største ballen er hund og skal prøve å nå igjen den minste ballen som er katt.
  3. Når ein startar leiken, skal ballane vere så langt som mogleg frå kvarandre (to barn som står ovanfor kvarandre startar med ballen).
  4. Etter ei stund kan ein leggje inn ein progresjon, der begge ballane snur veg når ein høyrer eit klapp. Den vaksne klappar heilt tilfeldig, slik at barna ikkje veit når klappet kjem.
  5. Dersom det óg går fint å leggje til klapp, kan ein leggje til ein liten ball som er mus, og då skal katten prøve å nå igjen musa, medan hunden skal nå igjen katten.

Variasjon

  • Ein kan variera måten ein sender ballen til kvarandre på, t.d. over hovudet (styrkar armane) eller bak ryggen.
  • Ein kan stå i ulike posisjonar medan ein sender ballane, t.d. på ein fot eller på huk (styrkar beina).

Utstyr

To ballar i ulik storleik som illustrerer hund og katt (evt. leggje inn ein liten ball til som illustrerer mus).

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet