Hensikt
Denne aktiviteten kan koplast til arbeid om samisk kultur. Vidare øver barna på å kaste.
Forklaring
- Barna får utdelt nokre erteposar kvar og skal kaste erteposane i t.d. ein balje.
Tips
- Ein kan variere avstanden for å tilpasse vanskegrada. Ein kan óg nytte eit mål som rørar seg ved at den vaksne held baljen i hendene og flyttar seg medan barna kastar. Her styrar den vaksne kor vanskeleg det skal vere ved å tilpassa farten. Det er kjekt om den vaksne lev seg inn i rolla som reinsdyr.
Variasjon
- Ein annan variant kan vere at ein skal kaste rockeringar på kjegler. Då set ein mange kjegler rundt på golvet/området og barna skal prøve å få rockeringen rundt ei kjegle.
- Ein kan óg binde hoppetau (kanskje fleire saman for lengre tau) i rockeringen og kaste lasso på ballar som ligg på golvet/plenen. Om ein får rockeringen rundt ein ball, kan ein prøve å dra ballen til seg ved å dra i tauet.
Utstyr
Erteposar/rockeringar eller ballar
Balje