Kaste lasso på reinsdyret

Hensikt

Denne aktiviteten kan koplast til arbeid om samisk kultur. Vidare øver barna på å kaste.

Forklaring

  1. Barna får utdelt nokre erteposar kvar og skal kaste erteposane i t.d. ein balje.

Tips

  • Ein kan variere avstanden for å tilpasse vanskegrada. Ein kan óg nytte eit mål som rørar seg ved at den vaksne held baljen i hendene og flyttar seg medan barna kastar. Her styrar den vaksne kor vanskeleg det skal vere ved å tilpassa farten. Det er kjekt om den vaksne lev seg inn i rolla som reinsdyr.

Variasjon

  • Ein annan variant kan vere at ein skal kaste rockeringar på kjegler. Då set ein mange kjegler rundt på golvet/området og barna skal prøve å få rockeringen rundt ei kjegle.
  • Ein kan óg binde hoppetau (kanskje fleire saman for lengre tau) i rockeringen og kaste lasso på ballar som ligg på golvet/plenen. Om ein får rockeringen rundt ein ball, kan ein prøve å dra ballen til seg ved å dra i tauet.

Utstyr

Erteposar/rockeringar eller ballar
Balje

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet