Kaste stein i vatn

Hensikt

Gjennom aktiviteten får barna oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lovar. Ein får høve til å lære barn at store steinar gjev større rørsle i vatnet enn små steinar. Vidare vil aktiviteten øve på kast.

Forklaring

  1. La barna stå ved vasskanten/sjøkanten og kaste små og store steinar i vatnet. Snakk med barna om kva dei gjer og kva dei ser.
    Dei vil oppleve at store steinar gjev stort plask og store bølgjer, medan dei små steinane gjev små ringar i vatnet. Dei vil og oppleve at dei små steinane er lettare å kaste langt. 

Tips

  • La barna få sleppe ein stor stein i ei bøtte med vatn og sjå kor mykje vatn som då sprutar over. La deretter barna sleppe ned ein liten stein. Få barna til å reflektere over forskjellen.
  • Hugs god avstand mellom barna når dei kastar stein då ikkje alle barn greier å berekne når dei skal sleppe steinen i kasterørsla.

Utstyr

Steinar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet