Katt og mus

Hensikt

Denne leiken er ein fangeleik som gjev høg intensitet for dei som er katt og mus. Barna må hugse reglane og reagere raskt. Leiken byggjer også fellesskap.

Forklaring

  1. Eitt barn er katt og eitt barn er mus. Dei andre barna stiller seg i ein ring og held hender. Musa ligg inni ringen, medan katten er utanfor.
  2. Katten går rundt ringen og bankar på ryggen til eit av barna og spør: «Bank, bank, bank, er musa heime?» Den som blir spurt svarar: «Nei den har gått ut».
  3. Katten går vidare heilt til nokon svarar «ja». Då slepp katten inn, og jakta på musa startar.
  4. Dei som står i ringen kan no hindre katten i å komme inn ved å halde ringen tett saman, eller dei kan lage opningar for musa eller katten, eller begge to.
  5. Ein byter katt og mus med to nye barn, når katten har fanga musa (eller etter ei stund dersom ikkje musa blir fanga).

Variasjon

  • Når jakta byrjar kan barna i ringen rope: «Katt og mus, katt og mus» heilt til musa er fanga.
  • Ein annan leik som liknar på Katt og mus, er Mitt duehus. Her står barna tett saman i ein ring og syng: «mitt duehus eg lukkar opp og duene ut, hei og hopp, hei og hopp. Rokoko rokoko rokoko ro rokoko rokoko rokoko ro». Nokre barn er duer og sit inni ringen, og eitt barn er katt som står utanfor ringen. Når songen er slutt, strekker barna i ringen opp hendene, slik at duene blir slept ut av ringen. Katten jagar etter duene. Duene skal prøve å komme seg inn igjen i ringen. Dersom ei due blir fanga, blir denne dua til katt i neste runde. Det barnet som var katt, stiller seg i ringen.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet