Hensikt
I Keisaren sine barn blir barna sitt arbeidsminne utfordra ved at dei må hugse reglar og reagere raskt på informasjonen dei får i leiken.
Forklaring
- Eitt barn skal vere keisar og står på ei side av leikeområdet med ryggen mot dei andre barna. Resten av barna står på den andre sida.
- Området merkast med ein strek midt mellom keisaren og dei andre barna.
- Barna skal no bli einige om kva dei skal førestille, t.d. eit dyr.
- Barna seier: “God dag min keisar”.
- Keisaren seier: “God dag mine barn, kva er dykk i dag?”
- Barna skal no mime kva dei er, utan å lage lyd.
- Keisaren ropar kva han trur dei er, og spring imot dei. Keisaren må stoppe på streken på midten. Om keisaren gjettar feil, får han ikkje ta nokon og alle spring tilbake til start. Om keisaren har rett, må alle barna komme seg over til den andre sida.
- Dei som blir tatt av keisaren blir keisaren sine hjelparar og skal vere med å ta dei andre barna i neste runde. Dei barna som kjem seg over, blir så einige om kva dei skal mime i neste runde.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.