Kims leik i naturen

Hensikt

I Kims leik blir barnet sitt arbeidsminne, konsentrasjon og sjølvregulering utfordra, samstundes som barna er fysisk aktive i leiken.

Forklaring

  1. Samle barna og fortel om leiken.
  2. Send barna ut i skogen/på uteområdet etter små kvistar.
  3. Lag eit rutenett av kvistane, t.d. seks ruter.
  4. Send så barna ut i skogen for å finne eitt eller to naturmateriale kvar.
  5. Legg materialet i kvar si rute.
  6. No skal barna sjå på rutenettet og hugse kva for naturmateriale som ligg i dei ulike rutene.
  7. Den vaksne ber så barna om å snu seg vekk eller late att augene.
  8. Den vaksne tek vekk eitt naturmateriale.
  9. Barna får no opne augo og skal ut i skogen for å hente det naturmaterialet som manglar i rutenettet. Barna skal altså ikkje seie høgt kva som manglar, men springe å hente det.

Tips

  • I starten kan det vere lurt å leike vanleg Kims leik fyrst, der barna skal seie høgt kva som manglar. Når ein veit at alle kan leiken, kan barna springe å finne det som manglar anten i par eller kvar for seg.

Variasjon

  • Ein variasjon kan vere å leike Kims leik på uteområdet i barnehagen. Her kan ein nytte ulikt utstyr, som bøtte, spade, erteposar, ballar eller anna i staden for naturmateriale.
  • Ein annan variant er å halde Kims leik i garderoben eller på avdeling: Her kan ein t.d. ha fire ulike gjenstandar, der kvar gjenstand er knytt til ei rørsle som ein skal gjere t.d. fem gonger. Døme kan vere at om ein tek vekk erteposen skal ein hoppe fem hopp, om ein tek vekk leikebilen skal ein snurre rundar. Barna kan vere med å bestemme kva for rørsler som er knytt til dei ulike gjenstandane.

Utstyr

Laust naturmateriale som kongler, blader, kvistar, steinar mm..

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet