Kjegletjuv

Hensikt

I leiken Kjegletjuv vil barna vere i aktivitet med moderat til høg intensitet då dei skal springe og stele kjegler/erteposar til si side av leikeområdet. Barna vil samarbeide innad i sitt lag for å stele flest mogleg kjegler frå det andre laget.

Forklaring

  1. Fordel barna i to lag på kvar si side av leikeområdet.
  2. Legg like mange kjegler/erteposar på kvar side.
  3. På signal skal kvart lag stele så mange kjegler/erteposar over til si side. Det er berre lov til å ta ei kjegle/ertepose om gangen.
  4. På signal stoppar leiken, og ein tel kor mange kjegler/erteposar kvart lag har.

Variasjon

  • Ein progresjon i leiken kan vere å innføre ein regel om at det er lov å ta barn frå det andre laget som har stelt ei kjegle/ertepose. Barnet som har stelt ei kjegle/ertepose og blir tatt på, må leggje kjegla/erteposen tilbake på plass og gå attende til si side av leikeområdet.

Utstyr

Kjegler, erteposar eller t.d. kongler

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet