Hensikt
I denne aktiviteten får barna øvd mykje på å kaste ball på kjegler, og såleis utfordra deira auge-hand-koordinasjon.
Forklaring
- Del rommet/leikeområdet med ein benk, og plasser kjegler på benken.
- Barna fordeler seg bak ein strek (evt. hoppetau, benk) 2-5 meter frå benken med kjegler.
- Legg mange ballar bak streken der barna står.
- Når leiken startar skal barna skyte kjegler ned frå benken.
Variasjon
- Som ein variasjon kan ein ha ulike typar ballar, ulike kjegler eller t.d. flasker.
- For å gjere leiken vanskelegare kan ein auke avstanden til benken.
- Ein kan gjere leiken om til ein lagkonkurranse, der barna blir delt i to grupper som står på kvar si side av leikeområdet. No skal kvart lag prøve å skyte kjeglene ned på sida til det andre laget.
Utstyr
Benk
Kjegler
Ballar