Hensikt
I aktiviteten Kjeldesortering øver barna på å sortere bos i ulike bosdunkar medan dei er fysisk aktive i høg intensitet.
Forklaring
- Set opp dunkane som boset skal sorterast i.
- Sleng ut masse bos på leikeområdet.
- No skal barna hente eit og eit bos og putte dette i rett bosdunk.
- Når leikeområdet er tomt for bos, opnar ein kvar dunk og diskuterar med barna om alt innhaldet i dunken er rett sortert.
Tips
- Lag gjerne dunkar med lok som skal opnast (sjå bilete). Barna syns det er stas og opne loket for å kaste boset.
Variasjon
- Ein variasjon av leiken kan vere «Kva høyrer ikkje heime i havet?». Her kan ein leggje ut bilete eller gjenstandar som høyrer til i havet, samt bilete og gjenstandar som ikkje høyrer til i havet. No skal barna plukke ut det som ikkje høyrer til i havet og sortere dette i rett dunk.
- Om ein ynskjer at aktiviteten skal vere meir motorisk utfordrande kan ein lage hinder som barna skal passere før dei kjem fram til dunkane.
- Ein kan óg be barna om å forflytte seg på ulike måtar, som å hoppe, hinke eller krype.
Utstyr
«Bosdunkar» med ulike symbol for sortering
Bos (reint)