Kjeldesortering

Hensikt

I aktiviteten Kjeldesortering øver barna på å sortere bos i ulike bosdunkar medan dei er fysisk aktive i høg intensitet.

Forklaring

  1. Set opp dunkane som boset skal sorterast i.
  2. Sleng ut masse bos på leikeområdet.
  3. No skal barna hente eit og eit bos og putte dette i rett bosdunk.
  4. Når leikeområdet er tomt for bos, opnar ein kvar dunk og diskuterar med barna om alt innhaldet i dunken er rett sortert.

Tips

  • Lag gjerne dunkar med lok som skal opnast (sjå bilete). Barna syns det er stas og opne loket for å kaste boset.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken kan vere «Kva høyrer ikkje heime i havet?». Her kan ein leggje ut bilete eller gjenstandar som høyrer til i havet, samt bilete og gjenstandar som ikkje høyrer til i havet. No skal barna plukke ut det som ikkje høyrer til i havet og sortere dette i rett dunk.
  • Om ein ynskjer at aktiviteten skal vere meir motorisk utfordrande kan ein lage hinder som barna skal passere før dei kjem fram til dunkane.
  • Ein kan óg be barna om å forflytte seg på ulike måtar, som å hoppe, hinke eller krype.

Utstyr

«Bosdunkar» med ulike symbol for sortering
Bos (reint)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet