Hensikt
Klemmesisten gjev moderat til høg intensitet gjennom at barna skal prøve å unngå å bli tatt. Leiken krev óg at barna er merksame på barn som held på å bli tatt, slik at dei kan hjelpe andre med å vere fri.
Forklaring
- Leikast i gruppe.
- Avgrens eit område for leiken.
- Leikast som sisten, men ein kan ikkje bli tatt når ein gjev/får klem av andre. Altså, når ein held på å bli tatt, må ein finne nokon å klemme for då er ein fri.
Tips
- Her kan ein gjerne snakke om å hjelpe kvarandre. Få gjerne barna til å sjå at dersom nokon held på å bli tatt, kan ein springe bort til dette barnet for å hjelpe det med å vere fri.
Variasjon
- Ein variasjon av leiken kan vere at ein må vere tre som klemmer for å vere fri.
- Ein regel som ein kan leggje til er at det ikkje er lov å klemme same person to gonger etter kvarandre.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.