Klemmesisten

Hensikt

Klemmesisten gjev moderat til høg intensitet gjennom at barna skal prøve å unngå å bli tatt. Leiken krev óg at barna er merksame på barn som held på å bli tatt, slik at dei kan hjelpe andre med å vere fri.

Forklaring

  1. Leikast i gruppe.
  2. Avgrens eit område for leiken.
  3. Leikast som sisten, men ein kan ikkje bli tatt når ein gjev/får klem av andre. Altså, når ein held på å bli tatt, må ein finne nokon å klemme for då er ein fri.

Tips

  • Her kan ein gjerne snakke om å hjelpe kvarandre. Få gjerne barna til å sjå at dersom nokon held på å bli tatt, kan ein springe bort til dette barnet for å hjelpe det med å vere fri.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken kan vere at ein må vere tre som klemmer for å vere fri.
  • Ein regel som ein kan leggje til er at det ikkje er lov å klemme same person to gonger etter kvarandre.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet