Klesklype-moro

Hensikt

I denne aktiviteten får barna sortere etter farge eller eksperimentere med tal, mengd og teljing avhengig av kva for variant ein leikar. Ved å klype på klesklyper på korta utfordrar ein barna sin finmotorikk. Gjennom forflytning aukar ein intensiteten i aktiviteten.

Forklaring

Variant 1: Farge
– Legg ulike kort med ulik farge på golvet (kan vere Uno-kort der barna kun ser på fargen på kortet).
– La barna springe frå ein boks med kleklyper til korta som ligg på golvet. Dersom eit barn har ei raud klesklype skal klesklypa setjast på eit raudt kort. Barna spring så attende til boksen for å hente ei ny klesklype.

Variant 2: Tal
– Legg ut ulike Uno-kort på golvet.
– Barna startar med boksen med klesklyper og spring til eit Uno-kort og set på ei klesklype. Dersom Uno-kortet viser talet 3, skal barne springe til dette kortet 3 gonger og feste på ei kleklype kvar gong. Ved at det ligg forskjellige kort ute, kan barna sjølv velje eit tal dei kjenner og såleis gjere leiken passe vanskeleg for seg sjølv. Dersom barna ikkje kjenner til tala så godt, kan ein klistre på/teikne på prikkar i same mengde som talet -då ser barna kor mange kleklyper som skal på.

Variant 3: Talrekkje
– Legg ut talrekkjer (t.d. laminerte kort eller ispinnar med tal) på golvet. I talrekkja manglar det eit tal, og det er barna sin jobb å finne rett klesklype å setje der talet manglar.
– Som ved dei andre variantane spring barna fyrst til ei talrekkje og finn ut kva for tal som manglar, spring attende til boksen med klesklyper (som har tal på seg), og tek med rett klesklype tilbake til talrekkja på golvet.

Variasjon

  • Aktiviteten kan organiserast ved at barna er saman i par.
  • Gjennom aktiviteten kan ein endre på korleis barna forflyttar seg for å skape variasjon. T.d. kan ein hoppe, krype, hinke eller liknande.

Utstyr

Variant 1: Laminerte kort i ulike fargar og klesklyper i dei same fargane
Variant 2: Uno-kort eller andre kort med tal og klesklyper
Variant 3: Ispinnar eller laminerte kort med talrekkje der eit tal manglar og klesklyper med tal

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet