Hensikt
I Kongen befaler skal barna handle på nokre kommandoar frå Kongen, men ikkje alle. Dette krev at barna er merksame og greier å skile ut den informasjonen som er viktig (det barnet skal handle på) frå den informasjonen som ikkje er viktig (det barna ikkje skal handle på).
Forklaring
- Eitt barn (Kongen) står på den eine sida av leikeområdet, dei andre barna på den andre sida.
- Kongen befaler aktivitetar som barna skal gjere.
- Dersom Kongen seier: «Kongen befaler, ta to kaninhopp», skal alle barna hoppe to kaninhopp fram. Om Kongen derimot seier «ta to kaninhopp», skal barna stå i ro.
Variasjon
- Ein kan t.d. lage til ein “strafferunde” med kjegler som barna spring dersom dei reagerer på kommandoar utan “Kongen befaler…» fyrst.
- Ein kan variere aktiviteten med ulike øvingar, dersom ein t.d. ynskjer høgare intensitet på aktiviteten kan ein t.d. seie “Kongen befaler å leggje dykk ned på magen, opp og hopp og legg dykk ned igjen”. Eller ein kan gjere aktiviteten motorisk utfordrande ved å befale motoriske utfordrande øvingar.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.