Kongen befaler

Hensikt

I Kongen befaler skal barna handle på nokre kommandoar frå Kongen, men ikkje alle. Dette krev at barna er merksame og greier å skile ut den informasjonen som er viktig (det barnet skal handle på) frå den informasjonen som ikkje er viktig (det barna ikkje skal handle på).

Forklaring

  1. Eitt barn (Kongen) står på den eine sida av leikeområdet, dei andre barna på den andre sida.
  2. Kongen befaler aktivitetar som barna skal gjere.
  3. Dersom Kongen seier: «Kongen befaler, ta to kaninhopp», skal alle barna hoppe to kaninhopp fram. Om Kongen derimot seier «ta to kaninhopp», skal barna stå i ro.

Variasjon

  • Ein kan t.d. lage til ein “strafferunde” med kjegler som barna spring dersom dei reagerer på kommandoar utan “Kongen befaler…» fyrst.
  • Ein kan variere aktiviteten med ulike øvingar, dersom ein t.d. ynskjer høgare intensitet på aktiviteten kan ein t.d. seie “Kongen befaler å leggje dykk ned på magen, opp og hopp og legg dykk ned igjen”. Eller ein kan gjere aktiviteten motorisk utfordrande ved å befale motoriske utfordrande øvingar.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet