Kopiere legotårn

Hensikt

I denne leiken får barna utfordra arbeidsminne sitt, då dei skal hugse bestemte mønster i legotårn.

Forklaring

  1. Den vaksne bygg små tårn av legoklossar, t.d. seks klossar i høgda i eit mønster (grøn, gul, raud, blå, raud, gul). Bygg like mange tårn som barn som er med i leiken.
  2. Sett tårna bak eit bord og marker ei bane for kvart barn. Legg legoklossar der barna startar.
  3. Kvart barn spring i sin bane fram til bordet og studerer mønsteret til sitt tårn.
  4. Deretter spring dei attende til start og bygger eit tårn som har same mønster som det dei såg bak bordet. Om barna ikkje hugsar alle klossane i fyrste runde, spring dei bort til bordet og studerer tårnet igjen. Når alle barna er ferdige å byggje, kan dei samanlikne tårnet dei har bygd med tårnet som står bak bordet. Var tårna like?

Tips

  • Ein kan variere vanskegrada i leiken med å byggje lågare eller høgare tårn, eller enkle og vanskelegare mønster for å tilpasse leiken til føresetnadane til barna.

Variasjon

  • Ein kan variere leiken ved å få barna til å forflytte seg på ulike måtar, t.d. hoppe, krype eller hinke bort til bordet.
  • Ein variasjon av leiken kan vere at den vaksne lagar to små byggverk (t.d. av seks klossar) som er tilnærma like, men der ein kloss er ulik eller plassert forskjellig. Sett byggverka i kvar sin ende av leikeområdet. Barnet skal no springe mellom byggverka og finne ut kva som er forskjellig. Greier barnet å finne ut kva for kloss som er ulik, eller kva for kloss som er plassert forskjellig? Som ein progresjon i leiken kan ein leggje til fleire klossar, samt plassere fleire klossar forskjellig.
  • Ein kan gjere leiken med anna utstyr. Ein kan t.d. leggje erteposar i eit mønster i den eine enden av leikeområdet (litt gøymt), der barna skal leggje erteposane i same mønster på andre sida av leikeområdet.

Utstyr

Lego- eller duploklossar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet