Hensikt
I denne leiken får barna utfordra arbeidsminnet sitt, då dei skal hugse dyr dei ser medan dei går på ein sti.
Forklaring
- På førehand merkar ein vaksen ein sti og legg ut ulike bilete av dyr (ikkje for mange). Bileta skal vere godt synlege frå stien.
- No skal barna følgje stien og hugse bileta dei ser undervegs.
- Når barna kjem attende frå stien skal dei fortelje kva for dyr dei har sett langs stien.
Tips
- Denne leiken kan ein enkelt kople til tema ein arbeider med i barnehagen ved å nytte bilete eller gjenstandar knytt til sitt aktuelle tema.
Variasjon
- Dersom ein ynskjer å utfordre motoriske ferdigheiter samstundes kan ein leggje inn hinder undervegs på stien.
Utstyr
Band i ein farge
Dyrebilete eller andre bilete/gjenstandar