Kor mange dyr hugser du?

Hensikt

I denne leiken får barna utfordra arbeidsminnet sitt, då dei skal hugse dyr dei ser medan dei går på ein sti.

Forklaring

  1. På førehand merkar ein vaksen ein sti og legg ut ulike bilete av dyr (ikkje for mange). Bileta skal vere godt synlege frå stien.
  2. No skal barna følgje stien og hugse bileta dei ser undervegs.
  3. Når barna kjem attende frå stien skal dei fortelje kva for dyr dei har sett langs stien.

Tips

  • Denne leiken kan ein enkelt kople til tema ein arbeider med i barnehagen ved å nytte bilete eller gjenstandar knytt til sitt aktuelle tema.

Variasjon

  • Dersom ein ynskjer å utfordre motoriske ferdigheiter samstundes kan ein leggje inn hinder undervegs på stien.

Utstyr

Band i ein farge
Dyrebilete eller andre bilete/gjenstandar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet