Hensikt
Gjennom korkbingo øver barna på farge, tal og teljing. Leiken utfordrar óg barna si evne til å hugse ein instruks. Gjennom å springe eller forflytte seg på andre måtar krev leiken aktivitet av moderat til høg intensitet.
Forklaring
- Den vaksne sit med kassen med alle korkane i, i den eine enden av leikeområdet.
- Barna har kvart sitt tomme bingobrett og står i andre enden av leikeområdet.
- Den vaksne ropar kva dei skal hente. T.d. “to grøne” eller “ein raud og to gule”.
- Barna spring og hentar korkane og legg dei på bingobrettet sitt. Det gjeld å fylla bretta sine.
Tips
Barna er ikkje så opptekne av kven som er fyrst, så den vaksne ventar til alle er klare før ein gir ein ny instruks.
Variasjon
- Ein kan styre progresjonen etter kor vanskelege instruksar ein gjev.
- Ein variant av leiken er at barna berre kan hente ein og ein kork om gongen. Dette gjer at barna må hugse instruksen over lengre tid.
- Ein kan byte ut dei farga korkane med mjølkekorkar som det står bokstavar på, der barna skal hente ein og ein bokstav. T.d. hente bokstavane i namnet sitt, eller bokstavane som den vaksne ropar.
- Ein kan variere den fysiske aktiviteten ved å forflytte seg på ulike måtar.
Utstyr
Bingobrett: t.d. brett som det har stått tubeost i (fått frå butikk)
Bingobrikker: t.d. korkar frå smoothie- og yoghurtposar