Korkbingo

Hensikt

Gjennom korkbingo øver barna på farge, tal og teljing. Leiken utfordrar óg barna si evne til å hugse ein instruks. Gjennom å springe eller forflytte seg på andre måtar krev leiken aktivitet av moderat til høg intensitet.

Forklaring

  1. Den vaksne sit med kassen med alle korkane i, i den eine enden av leikeområdet.
  2. Barna har kvart sitt tomme bingobrett og står i andre enden av leikeområdet.
  3. Den vaksne ropar kva dei skal hente. T.d. “to grøne” eller “ein raud og to gule”.
  4. Barna spring og hentar korkane og legg dei på bingobrettet sitt. Det gjeld å fylla bretta sine.

Tips

Barna er ikkje så opptekne av kven som er fyrst, så den vaksne ventar til alle er klare før ein gir ein ny instruks.

Variasjon

  • Ein kan styre progresjonen etter kor vanskelege instruksar ein gjev.
  • Ein variant av leiken er at barna berre kan hente ein og ein kork om gongen. Dette gjer at barna må hugse instruksen over lengre tid.
  • Ein kan byte ut dei farga korkane med mjølkekorkar som det står bokstavar på, der barna skal hente ein og ein bokstav. T.d. hente bokstavane i namnet sitt, eller bokstavane som den vaksne ropar.
  • Ein kan variere den fysiske aktiviteten ved å forflytte seg på ulike måtar.

Utstyr

Bingobrett: t.d. brett som det har stått tubeost i (fått frå butikk)
Bingobrikker: t.d. korkar frå smoothie- og yoghurtposar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet