Korkløp

Hensikt

I Korkløp utfordrar barna ferdigheiter knytt til finmotorikk.

Forklaring

  1. Lag ei bane til korkane ved å leggje mange hoppetau etter kvarandre i to parallelle løp. Bana er mellom desse hoppetaua.
  2. Barna får no kvar sin kork som dei skal forflytte gjennom bana.
  3. Det kan anten vere fritt for alle barna å prøve å komme seg igjennom banen, eller to og to barn kan konkurrere.
  4. Ein kan velje om alle skal få prøve å knipse korken gjennom løypa samstundes eller om ein skal ta tur, der kvart barn får eit knips før det er nestemann å knipse på sin kork.

Tips

  • Nytt gjerne korkar i ulike fargar eller skriv bokstavane til barna på korkane slik at det blir lettare for barna å ha kontroll på sin kork.

Variasjon

  • Ein kan leggje til ein regel om at dersom ein treff eit anna barn sin kork, må ein tilbake til der ein knipsa ifrå.

Utstyr

Hoppetau eller anna som er «veggane» i løypa
Korkar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet