Kortstokkstafett

Hensikt

I leiken Kortstokkstafett skal barna arbeide med å gjenkjenne symbol medan dei er i fysisk aktivitet av moderat til høg intensitet.

Forklaring

  1. Del barna inn i lag, og still dei på rekkje i den eine enden av leikeområdet. Kvart lag får sitt symbol: ruter, hjerter, kløver eller spar. Om ein berre har to lag, nyttar ein kort med to forskjellige symbol.
  2. Legg korta i den andre enden av leikeområdet med symbolet ned.
  3. Det fyrste barnet på kvart lag spring på signal over leikeområdet og snur eitt kort. Om kortet har rett symbol, tek barnet kortet med seg tilbake til laget sitt. Om kortet har eit anna symbol, snur barnet kortet igjen og spring tomhendt tilbake til laget sitt.
  4. Når det fyrste barnet kjem tilbake til laget sitt, vekslar det med neste barn i rekkja osb.
  5. Stafetten held fram til ein har samla alle korta med sitt symbol.

Tips

  • For å gjere det lettare å hugse sitt symbol, kan kvart lag få ess-kortet foran seg, slik at dei kan sjekke at kortet dei henta hadde rett symbol.
  • Etter at leiken er ferdig, kan kvart av laga bli utfordra til å leggje korta dei har samla i rett rekkjefølgje frå 1-10.

Variasjon

  • For å gjere leiken lettare kan ein nytte Uno-kort og få barna til å hente kort i rett farge.

Utstyr

Vanleg kortstokk med korta frå 1-10

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet