Kven er borte?

Hensikt

I Kven er borte? må barna hugse kven som er med på leiken, og prøve å finne ut kven som er gøymt under teppet.

Forklaring

  1. Barna står spreidd på golvet.
  2. Når musikken startar skal barna danse og flytte seg rundt i rommet.
  3. Når musikken stoppar skal alle barna leggje seg ned på golvet og lukke auga.
  4. Den vaksne legg eit teppe på eitt av barna og dei andre barna skal prøve å finne ut kva for barn som er gøymt.

Variasjon

  • Ein variasjon i leiken kan vere at barna står i ein sirkel, så går eit av barna ut av rommet. Då skal eit av barna i sirkelen leggje seg ned på golvet i midten av sirkelen med teppet over seg, så skal barnet som gjekk ut kome inn igjen og prøve å finne ut kva for eit barn som ligg under teppet.

Utstyr

Teppe
Musikk

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet